BANK Bank og finans

Noregs Bank kuttar renta med 0,25 prosentpoeng til 4,25 prosent. Samstundes svekker krona seg.

– Prisveksten har spakna sidan rentemøtet i mars, og det er utsikter til at prisveksten det næraste året vil bli lågare enn vi tidlegare såg føre oss. Ved å byrje ei forsiktig normalisering av styringsrenta no, legg vi til rette for at prisveksten kjem tilbake til inflasjonsmålet utan at vi bremsar økonomien meir enn naudsynt, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.
 
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache lét renta stå på 4,25 prosent. Men ho signaliserer at den skal vidare ned i løpet av året.

– Jobben med å få bukt med inflasjonen er ikkje fullført. Det er framleis behov for ein innstrammande pengepolitikk, seier Wolden Bache.

– I juni begynte vi å lette litt på bremsen, og det vil truleg vere riktig å fortsette ei forsiktig normalisering av styringsrenta framover.
 
Då Noregs Bank overraska «alle» med rentekutt i juni, signaliserte sentralbanken at det kunne kome ytterlegare to kutt i år. Eitt torsdag og eitt i desember. Og sentralbanken følgjer opp med eit rentekutt på 0,25 prosentpoeng.
 
Nyhet fra i formiddag:

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache lét renta stå på 4,25 prosent. Men ho signaliserer at den skal vidare ned i løpet av året.
 
 
Back
Top